SETESDAL HUSFLID SØKJER ETTER DAGLEG LEIAR OG BUNADSTILVERKAR!

Totalt ledig stilling: 130 %. 

Arbeidsstad er Valle, i hjarta av Setesdal, kjent for sine tradisjonar innaføre folkemusikk, bunadssaum og handverk. Setesdal husflid er ein sjølvstendig   husflid, etablert i 1966, lokalisert like ved Riksveg 9,    hovudferdselsåra gjennom Setesdal.

Arbeidsoppgåver:

¨ Dagleg drift av butikk

¨ Bestillingar

¨ Marknadsføring

¨ Økonomi- og personalansvar

¨ Utviklingsarbeid og oppfølging av dette

¨ Bunadsproduksjon og -reparasjonar

Din bakgrunn:

Du må vere interessert i husflid og drakt, og ha eit sterkt engasjement for fagområdet.

Erfaring frå butikk/serviceyrke  er ein fordel.

Avhengig av kva for del av stillinga du er interessert i: God kjennskap til økonomi og marknadsføring. Gode datakunnskapar. Kompetanse og erfaring innafor handarbeid og saum, eventuelt ønskje om å ta fagbrev som bunadstilverkar medan du jobbar hos oss.

Personlege eigenskapar:

Strukturert, utviklings- og resultatorientert.

Gode samarbeidsevner, serviceinnstilt.

Om stillingane:

Vi tilbyr ein variert og spennande jobb med mogelegheiter for fagleg utvikling. Løn etter avtale og stilling.     I dag er stillingsprosenten fordelt på ei 80% og ei 50 % stilling, men dette kan justerast.

Spørsmål kan du rette til:

Setesdal husflid, tlf. 379 37 308

Søknad til: post@setesdalhusflid.no


Bestill her

TilbakeNeste